Vi gjentek fjorårets suksess, og ynskjer med dette å invitere deg til Slidremarknad 2024!

Slidremarknad vil bli arrangert i området rundt Slidretun, midt i Slidre sentrum. Vi ynskjer å hylle alle som driftar og driv i Vestre Slidre med unik oppleving som skil seg ut frå andre marknadar her i Valdres. Som difor ikkje skapar konkurranse, men eit nytteverdig og spennande tilskot til Vestre Slidre kommune og nærliggande kommunar rundt.

 

Slidremarknaden viser stort og smått frå Vestre Slidre i form av ulike sals-, utstillings- og bruktboder. 

 Har du noko du kan tenkje deg å fremme, selje eller vise fram?

Meld dykk på her:  https://forms.office.com/e/DJKTtgt41p?origin=lprLink

Vi har eit stort område, så berre sei i frå om de treng ekstra stor plass, parkering eller ynskjer å ha baklukesalg.

Send oss gjerne spørsmål dersom de lurer på noko, eller treng kreative innslag til korleis de kan vise dykkar fram.

De finn oss også på Facebook og Instagram @Slidremarknad der vi kjem til å oppdatere undervegs.

PÅMELDINGSFRIST FREDAG 16.AUGUST KL 23.59

Kulturkafeen
Denne dagen fyller vi kulturkafeen med interessante foredrag. Program kjem seinare. 


Bli med å feire bygda vår og våre lokale bedrifter og leverandørar under Slidremarknadsfest!

Etter ynskje frå fleire i fjor arrangerer vi no også marknadsfest på kvelden, for å hylle og fremme dykk som driv og driftar i Vestre Slidre. Då stengjer vi av området under teltduken og byr opp til fest med musikk, dans, mat og drikke. Marknadsfesten finn stad laurdag 24. august frå kl. 19:00 til kl. 01:00 på Slidretun.

 

Vi feirar i lag med både Johmsvikingarna og Stubbad`n!

Sikre deg billetter no for ein hyggeleg kveld i godt lag.

Billetter til marknadsfest: https://slidremarknadsfest.hoopla.no/event/3633740336
 

Vi håpar at de tek turen innom både på dagen og kvelden i lag med både venner og kjende. Gjerne sprei bodskapet til alle du kjenner.

  
Vi er tilgjengelege på mail og mobil mellom 09.00-15.00.

Julia.Olsen.Johme@vestre-slidre.kommune.no

Mob. 95 88 05 42

Rigmor.Emerense.Haheim@vestre-slidre.kommune.no

Mob. 92 03 20 58

 

 

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete