Vestre Slidre kommune opprettar stilling som barne- og ungdomslos

Vestre Slidre kommune har motteke tilskot frå helsedirektoratet og fylkeskommunen for å jobbe med psykisk helse og tverrfagleg samhandling. 

Veiledning :: ROOS HELSE
 

Prosjektet går over 3 år og skal bidra til å førebygge og fange opp psykiske helseplagar blant barn og unge. Vidare har prosjektet som mål at samhandlinga mellom dei ulike tenestene i helse og oppvekst blir enda betre. 

Vi har difor  oppretta ei prosjektstilling som barne- og ungdomslos. LOSen skal vere med på å fange opp barn og unge som treng ekstra støtte frå hjelpeinstansar. Den skal gi hjelp på lågterskelnivå og skal bidra til rett hjelp til rett tid. LOSen skal samarbeide tett med skula og dei andre helsetenestene, både på individ- og systemnivå. 

Stillinga er nå utlyst og vi gleder oss til å komme i gang!