Takk til Vestre Slidre sanitetsforening

Helsestasjons- og skulehelsetenesta i Vestre Slidre kommune har fått ei raus gåve frå Vestre Slidre sanitetsforening.

Sanitetsforeininga har gitt støtte til innkjøp av utstyr til helsestasjonen. Bidraget har gjort det mogleg for oss å investere i nytt medisinskteknisk utstyr på helsestasjonen og har finansiert innkjøpet av godkjent spedbarnsvekt med bereveske, golvvekt og oftalmoskop.

Sanitetsforeininga har også gjort det mogleg å innreie eit nytt samtalerom på skulen. Rommet skal brukast av helsesjukepleiarane og barne- og ungdomslos og gir moglegheit for større tilstedeværelse på skulen og gruppesamtaler på eit triveleg og skjerma rom. Støtta har gått til innkjøp av to sofaer, puffer, sofabord og småutstyr og vil styrkje helsetilbodet på skulen på ein vesentleg måte. 

Dessutan har helsesjukepleiarkontoret på skulen fått ei oppgradering ved at den gamle sofaen har blitt bytt ut med ein fin sofa frå den gamle sjukeheimen.

Vi er takksame for Sanitetsforeininga sitt engasjement for helse og omsorg i lokalsamfunnet og for at dei ser verdien i det arbeidet vi gjer.

Hjarteleg takk for støtta!

 

 

Denne sida nyttar informasjonskapslar Trykk her for detaljert informasjon. (Skjul denne meldinga)