Kommunen har nå kommet langt i prosessen med å auke talet barnehageplassar til oppstart av nytt barnehageår i august 2024.
Fleire lokasjonar vart vurdert. Både leie frå private og kommunen sine eigne eigedommar har vore vurdert. Det vart gjort ei totalvurdering og ein modulbarnehage i Viovegen i Slidre, omtala som “ballplassen” vart vurdert som det beste alternativet; både barnehagefagleg og frå teknisk si side. Ein barnehage skal vere ein god plass å være i både for barna og dei vaksne som jobbar der. Kommunen gjer det den kan for å ivareta dette best mogleg.
Det vart henta inn anbod frå ulike tilbydarar av modulbarnehagar, fristen er utgått og leverandør er no vald. Modulane er spesiallaga for å brukast i barnehage, kjem med varme i golvet og ljose flatar inne. No jobbast det med å finpusse teikningar, før prosessen med byggesøknadar og grunnarbeid byrjar. Teikningar vil bli lagt ut på heimesida så snart desse er klare.