Reguleringsplan for Slidre basishall. Utlegging til offentleg ettersyn

Reguleringsplan for Slidre basishall er med dette lagt ut til offentleg ettersyn. Merknadsfristen er 2. september 2024.

Målet med planen er å legge til rette for å bygge basishall og tilhøyrande parkering.  Vestre Slidre har tradisjon for eit aktivt turnmiljø og er sentrum for turnmiljøet i regionen.  For å vidareutvikle dette har kommunestyret vedteke at det skal byggast ein basishall.

Planområdet er 12,3 daa stort og ligg aust for Vestre Slidre skule og Skogen stadion. 

Planområdet markert med lilla

Området består av eksisterande parkeringsplass for skulen («Lærarparkeringa»), eit skogområde med gravhaugar i vestre del, ein etablert bustadeigedom, fulldyrka jorde, havnehage og skog i nord.

Eksisterande og planlagt vegtilkomst er frå vegen Tvengisbakkin i sør som munnar ut i fylkesveg 2484 Slidrevegen. 

Plandokumenta finn du i arealplaner.no, direkte snarveg her. Trykk på “Vis dokumenter” i oransje rubrikk “Planen er i høringsperiode”.

Det er plankartet og føresegnene som utgjer den foreslåtte juridisk bindande planen. Dei andre dokumenta er prosessdokument med skildringar og vurderingar av planen.  Uttalene frå oppstartsvarselet er å finne i dokumentet “3 planomtale”.

Ei enkel brukarrettleiing av arealplaner.no og origo finn du her.

Alle journalførte dokument i saka finn du i arkivsaka.

Uttaler

Merknader og innspel til planen skal vere skriftlege. Dei kan sendast på følgjande måte

Fristen er 2. september 2024.