Oppmoding om stopp på å fremje visse reguleringsplanar

Vestre Slidre kommune oppmodar med dette om stopp på å fremje reguleringsplaner som skal legge til rette for nye hytter i nokre område i kommunen. Det gjeld først og fremst i nedslagsfeltet til Nørre og Midtre Syndin og i nokon grad nedslagsfeltet til Sørre Syndin, Krokåne, Vasetvatnet og Sundheimselve.   

Om nedslagsfeltet til Nørre og Midtre Syndin 
Målingar i Nørre Syndin indikerer at resipienten ikkje toler meir tilført avløpsvatn. Statsforvaltaren fremja motsegn mot det siste planforslaget i dette området. Her vil det truleg gå lang tid før ein kan få godkjent nye planar.  Motsegna og formannskapet si behandling av denne finn du nedanfor:

 

Om nedslagsfeltet til Sørre Syndin, Krokåne, Vasetvatnet og Sundheimselve
Ureiningsituasjonen i dette området er karakterisert som uoversiktleg av statsforvaltaren. Dei fremja motsegn mot det siste planforslaget også her.  Difor gjeld også oppmodinga om å ikkje fremje nye reguleringsplanar for dette området.  Men her er det truleg større sjanse for at vi får kartlagt situasjonen og slik at motsegnene blir trekt innan kortare tid.  Motsegna som føreligg og formannskapet si behandling av denne finn du nedanfor:

 

Oppmodinga om å ikkje fremje nye planar for hytteområde gjeld ikkje:

  • Planområde som umiddelbart kan koplast til det kommunale VA-anlegget på Vaset
  • Område utanom nedslagsfelta nemnt ovanfor

Arbeidet som må gjerast og framdrift

Kommunen må få gjennomført ei vurdering av den totale belastninga av forureining som blir tilført dei aktuelle resipientane og resipientane sin kapasitet til å ta imot avlaupsvatn. Dette er eit arbeid som vi er i gang med, med konsulenthjelp. Formannskapet bad om at arbeidet blir utført innan oktober 2024. Kommunen vil ha dialog med statsforvaltaren, men vi legg til grunn at dei ikkje kan trekke sine motsegner før arbeidet er ferdigstilt. Særleg for nedslagsfeltet til Nørre og Midtre Syndin er det ein svært sannsynleg konklusjon at motsegnene blir ståande og at stoppen på nye reguleringsplanar blir forlenga.

Nærare om oppmodinga

Kommunen har plikt til å behandle planforslag som kjem inn, jf. plan- og bygningslova §12-11.  Det at vi her oppmodar om å ikkje fremje planar fråtek ikkje kommunen plikta til å behandle planforslag som likevel måtte kome inn.  

I praksis vil det vere slik at planar i dei aktuelle områda vil bli stoppa, anten av kommunen eller av statsforvaltaren, ei periode framover. Det vi ynskjer å oppnå med denne oppmodinga er at det ikkje blir lagt ned kostnader og arbeid som er fånyttes. Som nevnt ovanfor er det særleg i nedslagsfeltet til Nørre og Midtre Syndin at risikoen er høg for at det vil ta lang tid før ein kan få vedtak om godkjente reguleringsplanar.

Vi er lei for at vi har kome i denne situasjonen. Vestre Slidre kommune prioriterer arbeidet for å kome vidare.