Kulturmiljøplan Vestre Slidre

Den reviderte kulturmiljøplanen ligg no ute på høyring. Frist for innspel er 12. juni 2024


 

 

Med bakgrunn i invitasjon frå Riksantikvaren i 2023 om å søke midlar for oppdatering av utdatert kulturminneplan, vart det innvilga midlar til revidering av temaplan for kulturminne i Vestre Slidre kommune. 


Arbeidet med revideringa har gått føre seg frå hausten 2023 til våren 2024, og er i stor grad basert på den føregåande kulturminneplanen frå 2017. Nytt for denne gong er namnendring frå kulturminneplan til kulturmiljøplan ettersom dei enkelte kulturminna i kommunen ofte må sjåast i samanheng med kulturmiljøet rundt. Vidare er det oppdaterte bilete, informasjon, status, forslag til tiltak, framtidsplanar med meir. Planen er utforma i samarbeid med Vestre Slidre kulturminneforum og Valdres Natur- og Kulturpark; det er sett ned arbeidsgrupper etter behov. Prosjektleiar har vidare involvert aktuelle lag og ressurspersonar til å kome med innspel undervegs.  

 

Den reviderte kulturmiljøplanen finn du her (PDF, 26 MB)

 

Merknader og innspel skal vere skriftlege og kan sendast til ruben.magistad.wold@vestre-slidre.kommune.no eller som brev til Vestre Slidre kommune, Slidrevegen 16, 2966 Slidre. 

 

Høyringsfrist 12. juni 2024