Jodtablettar - korleis skjer utdeling dersom det skulle oppstå ein situasjon som krev det?

Vestre Slidre kommune har jodtablettar på lager til barn og unge dersom det blir behov for utdeling i skuletida/opningstida for barnehagen. (Krav om foreldresamtykke).

Utanom opningstida kan foreldre hente tablettar på Servicetorget om dei ikkje har tabletter på lager heime. Varsling om dato, klokkeslett og hentested kjem via Visma . Gravide/ammende får varsel fra Helsestasjon og kan hente samme sted.

Ved bortfall av kommunikasjon blir det hengt opp plakater ved Servicetorget.

Vi syner også til informasjon frå Direktoratet for strålevern og atomsikkerheit (DSA).

https://dsa.no/atomberedskap/jodtabletter#