Innsetjingsgudsteneste i Slidredomen - sokneprest Janne Sukka

Kyrkjeleg fellesråd melder på si heimeside om innsetjingsgudsteneste for ny sokneprest Janne Sukka. Dei skriv følgande på si heimeside:

"Den 1.januar byrja det ny prest i kyrkja i Vestre Slidre – noko vi er særs takksame for!

Det blir innsetjingsgudsteneste for Janne i Slidredomen 14.januar kl.11.00. Prost Carl Philip Weisser blir med, tillegg til vårens konfirmantkull. Etter gudstenesten arrangerer sokneråda kyrkjekaffe med velkomst for Janne i kulturkafèen i Slidre. Det blir ein uformell samankomst, med litt underhaldning og tid for mingling.

Alle er hjarteleg velkomne – til både gudstenesten og kyrkjekaffen etterpå!"