Kommunen sine områder har no orange farevarsel på yr.no. Vi føl nøye med på utviklinga i været og set i verk dei tiltak som måtte bli nødvendige. Foreløpig ser det ut som at det blir noko vind og nedbør, men ikkje i mengder som skal forårsake store utfordringar.
Det er uansett lurt å sjekke stikkrenner og at grøfter har frie løp. Og det er viktig å følge med på nyheiter og værmelding.
Direktoratet for samfunssikkerheit og beredskap arrangerer kvart "eigenberedskapsveka." Målet er auka fokus på eigenberedskap: Kva må kvar og ein av oss, ut frå ulike hendingar, førebu for å kunne klare oss noko tid utan tilgang på å kjøpe mat og drikke, medisiner, straum og vatn. Vi er inne i den veka no, 28. oktober til 3. november. Mykje og nyttig informasjon finn ein her:
Egenberedskap | Sikkerhverdag
- Brosjyre med råd om egenberedskap frå DSB.
Denne veka sender DSB ut ei brosjyre med råd om egenberedskap til alle norske husstander.
Meir info her:
– Ta vare på brosjyren | Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap
- Kvar få hjelp vår kommune, dersom mobiltelefon og internett ikkje verkar.
Informasjon om dette finn du ved å gå inn på kommunen si heimeside, under fanen "Beredskap." Her finn du og nyttige lenkar med viktig informasjon. Kjem ein ikkje gjennom til nødetatar på dei vanlege nødnumra fordi telefon og internett er borte ( (110, 112 og 113) gjeld dette:
Ved bortfall av telefoni og internett som varer meir enn i to timar, vil du finne innsatspersonell med nødnettsamband ved:
- Ambulansestasjon i Ryfoss
- På Slidretun
- Brannstasjon i Røn
Kommunen oppfordrar til at alle gjer seg kjent med dette og veit kvar dei kan reise for å få hjelp i ein slik situasjon.