Flyktningar frå Ukraina

Kommunen har fått 17 nye innbyggjarar i alternativ mottaksplass, og vi har hatt eit godt og varmt fyrste møte med dei i Kultutkafeen i Slidre. Rørande å sjå så mange takknemlige flyktningar saman med slekt og vener, som gjorde det mogeleg å flykte til Norge.

Kommunen har ordna med hus til alle og gjeve dei ein god start. Alle borna skal inn i skule og barnehage rett over påske og dei vaksne kjem til å få tilbod om språkkafé eller andre gode aktivtetar i ei tid der ein må vente på vedtaka frå UDI.