Fleksibel fakturering- kommunale gebyr og Min Side

Vestre Slidre kommune tilbyr fleksibel fakturering av kommunale gebyr for vatn og avløp, renovasjon, feiing/tilsyn og eigedomsskatt.

Eigar av eigedom kan no velgje mellom 2, 4 eller 12 terminar i året.  Dersom du ikkje gjer noko, vil du framleis få 2 fakturaer i året.

For å velje termin for fakturering, går du inn via Min Side på heimesida til kommunen, https://www.vestre-slidre.kommune.no/mi-side/

Her logger du deg inn via ID-porten og BankID. 

For å velgje fakturahyppigheit, går du inn på “Mine faktura” og vel termin 4 eller 12 for framtidig fakturering. Den nye terminen vil bli gjeldande frå og med 01.07.2024. 

Ynskjer du betalingsutsettelse, kan de også gå inn på knappen “Mine faktura” og be om utsetting.

På Min Side finn du og informasjon om :

  • Kommunale gebyr
  • Feiing og tilsyn
  • Tinglyste heftelser
  • Eigedomsskatt
  • Private slamanlegg (når ein ikkje har kommunalt avløp)
  • Vannmåler
  • Fakturerte og ufakturerte gebyr

 

NB! Det er dessverre ikkje mogleg å velje fleksibel fakturering på faktura for privat slamtømming (privat kloakkanlegg). Her kjem faktura i etterkant av tømming.

Min Side er tilgjengeleg heile døgnet, på alle digitale plattformer. 

Har de spørsmål om fleksibel fakturering og Min Side, kontakt oss på telefon 61 34 50 00 eller epost, post@vestre-slidre.kommune.no