Faktura frå Vestre Slidre kommune

Informasjon om faktura frå kommunen.

Faktura for kommunale gebyr og eigedomsskatt vert sendt ut i månadsskifte februar – mars.

For abonnentar med månadleg faktura.

For dei abonnentane som har valt månadleg fakturering vil den første fakturaen gjelde for to månader, januar og februar. Frå og med mars vil dei månadlege fakturaene gå som vanleg. Vi beklagar forseinking i utsendt faktura.

For abonnentar med kvartalsvis faktura.

For dei abonnentar som betalar kommunale avgifter 4 gonger i året vil få faktura for første kvartal som vanleg.

For abonnentar med halvårleg faktura.

For dei abonnentane som betaler kommunale avgifter to gonger i året vil første faktura gjelde for perioden 01.01.2025 til 30.06.2025.

Kommunen ber om forståing for det inntrefte. Husk at du alltid kan logge inn og finne oversikt over faktura og gebyr knytt til din eigedom. Sjå under.


Her kan du også velgje tal terminar for faktura.

  • Kommunale eigedomsgebyr og eigedomsskatt vert fakturert etter kunden sitt ønskje: kvar månad, kvart kvartal eller to gonger i året (halvårleg), med forfall den siste dagen i månaden.
  • Barnehage og SFO vert fakturert kvar månad unntatt juli, med forfall den siste dagen i månaden.
  • Kulturtenester vert fakturert to gonger i året (for haust- og vårsemester), normalt mot slutten av semesteret.
  • Helse og omsorgstenester vert fakturert etterskotsvis kvar månad, med forfall 20. kvar månad.
  • Husleige kommunal husvære vert fakturert kvar månad, med forfall 20. kvar månad.

e-faktura

I nettbanken din har du moglegheit til å automatisk godta e-faktura frå alle bedrifter som tilbyr denne tenesta og som ein har eit kundeforhold til. Finn e-Faktura-tenesta i din nettbank for å velgje e-faktura som digitalt førsteval for faktura (Ja takk til alle).

Avtalegiro

Avtale Giro er ein teneste for automatisk betaling av dine faste rekningar. Det vil seie at banken sørgjer for at rekningane vert betalt direkte frå din konto på forfallsdato. Du beheld full oversikt og kontroll over rekningane dine, sjølv om trekka vert gjort automatisk av banken.

Dette vert gjort i nettbanken eller ved at du tek kontakt med banken. Vestre Slidre kommune kan ikkje opprette avtalegiroavtale for deg. Nødvendig KID- og bankkontonummer finn du på den siste fakturaen for kommunen. Det må opprettast eigne avtalegiroavtaler for forskjellige kommunale tenester (som kommunale avgifter, helse og omsorg (inklusiv husleige kommunal husvære) og barnehage/SFO/kulturskole.

Faktura frå kommunen

Under finn du oversikt over alle faktura du har fått frå kommunen.

Treng du betalingsutsetting?

Du kan også søkje om betalingsutsetjing i fakturaoversikten under. Søker du om betalingsutsetjing, er det viktig å merke seg at forsinkelsesrenter løper frå opphavlege forfallsdato.

Endre hvor ofte du får faktura

Du kan selv bestemme hvor ofte du vil ha faktura på kommunale avgifter.

Kontaktinfo

Vladimir Cudina
Regnskapsmedarbeidar
E-post Send e-post til Vladimir Cudina
Telefon 46 84 69 09
Denne sida nyttar informasjonskapslar Trykk her for detaljert informasjon. (Skjul denne meldinga)