SJÅ OG PRØV
- Velferdsteknologi: Medisindispenser og tryggleiksalarm.
- Hjelpemiddel i heimen: Sjå eksemplar på hjelpemiddel som kan gjere daglege gjeremål enklare og bidra til auka
sjølvstende. - Fallførebyggjande løysingar: Lær meir om korleis små tilpassingar i heimen kan redusere risikoen for fall.
- Brannførebyggjande tiltak: Få informasjon om enkle og effektive tiltak som kan auke branntryggleiken i
heimen. - Høyrselsforbundet: Informasjon om nedsett høyrsel og høyreapparat.
- Høyrselsforbundet utfører høyrselstest på stand begge dagar
MØT FAGPERSONAR FRÅ KOMMUNEN
Representantar frå ulike tenester i kommunen vil vere til stades begge dagane.
Du kan få råd om hjelpemiddel, tilrettelegging, førebyggjande tilbod og korleis du kan bu trygt heime lengst mogleg.