Vi ber alle om å ikkje å bruke avløpet til å kvitta seg med måling, kjemikaliar eller olje. I spillvassrøyret skal det berre gå vatn frå sluk, vask og sanitærinstallasjonar inne i huset. Regnvatn går i eige overvassrøyr og blir sleppt ut i nærliggjande bekk, elv eller sjø. Spesialavfall som olje og oljeprodukt, løysemiddel, tynner, maling/beis, hobbykjemikaliar som fotovæske, fargestoff og kontaktlim skal ikkje hellast i vasken eller i toalettet.
Spesialavfall skal samlast opp og leverast på miljøstasjonen i Lundeskogen.
- Søppel som Q-tips, bind, bleier, bomull, klutar, pussegarn m.m. skal ikkje kastast i toalettet, men i søppeldunken.
- Tørkepapir må ikkje kastast i toalettet, då det ikkje løyser seg opp og skapar problem på pumpestasjonane. Kast tørkepapir i søppeldunken.