Reguleringsplan

Ein reguleringsplan er ein politisk vedteken plan over eit avgrensa område. Reguleringsplanen består av eit kart og reguleringsføresegner og fastset korleis området kan brukast og kva som kan byggast der. Planen er juridisk bindande og grenser, vegtrasear, plassering av bygg mv. skal følge planen nøyaktig.

Både kommunen og private kan utarbeide forslag til detaljreguleringsplanar. Hvis du vil lage ein privat reguleringsplan må du kontakte ein fagkyndig for å få hjelp til dette. Alle typer reguleringsplanar må til slutt vedtakast av kommunestyret før dei er gyldige.