Tilrettelagte tjenester

Individuelt tilrettelagte tenester (ITT) yt tenester til menneske med psykiske, fysiske og sosiale nedsette funksjonar som har behov for tilrettelagt bistand i dagleglivet. 

Målet er å bidra til at den enkelte får moglegheit til å leve og bo sjølvstendig, og til å ha ei aktiv og meiningsfull tilvære.

Tenesta kan eksempelvis bestå av praktisk bistand med burettleiing i heimen, dagsenter med nettverksbygging og aktivitetar, eller heildøgnsomsorg.

Individuelt tilrettelagte tenester er ei teneste innan helse- og velferdsektoren. Det gis tenester ut frå lov om kommunale helse –og omsorgstenester og statlege rettleiarar. Alle tenester ytes etter vedtak.

Alle som mottar tenester har i dag eit enkeltvedtak basert på kartlegging av individuelle behov for bistand og opplæring. Vi arbeider ut i frå at alle menneske har ressursar som det kan byggjast videre på. Individuell plan, koordinering og ansvarsgrupper er sentrale arbeidsmetodar.  

Individuelt tilrettelagte tenester har som mål:

  • At tenestemottakar mottar forsvarlege tenester i samsvar med gjeldande lover, regler og forskrifter.
  • At tenestene legg til rette i forhold til medråderett og individuelle behov, slik at den enkelte skal ha ein meiningsfull kvardag, føle meistring og ha moglegheit til sjølvstendige val i eiget liv.
  • Vi arbeider for å betre tenestemottakarens funksjonsevne ved opplæring i ferdigheiter, og legg til rette miljøet på ein slik måte at den enkelte blir meir robust og sjølvstendig til å møte krav frå samfunnet. 

Kontaktinfo

Stine Schlytter
Avdelingsleiar
E-post
Telefon 99 27 59 79