Målgruppe
Tryggheitsplass i omsorgsbustad i Kroken er eit tilbod til eldre/personar som bur i eigen heim og klarer seg sjølv i kvardagen, men som av ymse grunnar opplever "her og no"-situasjonen som vanskeleg.
Formål for tenesta
Formål er å trygge personar som treng litt ekstra oppfølging for ei periode, slik at dei kan bu heime så lenge som mogeleg.
Kriterier for tryggheitsplass
• Du har behov for opphald i ein tilnærma døgnbemanna bustad for ei kortare periode.
• Du har behov for tryggheitsplass grunna einsemd, utryggheit, eller andre forhold som gjer kvardagen vanskeleg
Korleis får du tryggheitsplass
• Du søkjer om tryggheitsplass på kommunens søknadsskjema
• Opphald på tryggheitsplass blir gjeve med inntil 14 dagar av gongen
Meir om tenesta
• Tryggheitsbustaden er møblert og har tv, dekketøy, kaffetraktar, vasskokar, sengetøy og handkle. Det er ikkje tilgang til nett i omsorgsbustaden.
• Vask av sengetøy og håndklær blir gjort på sjukeheimsvaskeriet.
• Vask av private klede kan leigast på sjukeheimsvaskeriet.
• Tryggheitsbustaden har hybelkjøkken der du kan lage enkle måltid
• Middag kan bestillast frå sjukeheimskjøkkenet.
• Tørrmat/drikke blir levert av heimesjukepleia, bestilling via Sjukeheimen.
• Tenester du har vedtak på frå før t.d. heimesjukepleie, heimehjelp
får du i tryggheitsbustaden i forhold til ditt hjelpebehov.
• Ved behov for legetilsyn må fastlege kontaktast. Fysio/ergo blir tilrettelagt ved behov.
• Du kan ta med tryggheitsalarmen dersom du har det.
Kva kostar opphald i tryggheitsbustaden
Opphald i tryggheitsbustaden er ei betalingsfri teneste.
Frå sjukeheimen kan ein bestille seg middag og vask av privat tøy, mot betaling.
Lovgrunnlag
Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester §§ 3-1 og 3-2 nr. 6 a.