Nasjonal portal for bekymringsmeldingar

Felles barnevernteneste for Vang og Vestre Slidre har no take i bruk Nasjonal portal for bekymringsmeldingar. Er du bekymra for eit barn eller ein familie i ein av våre kommunar kan du no enkelt melde di bekymring digitalt. Tenesta er sikker. Man logger inn med bank-ID og bekymringmeldinga blir sendt direkte inn i barneverntenesta sitt fagsystem. Saumlaust, raskt og effektivt - til barnets beste.

Som privatperson

Dersom du er bekymra for om eit barn får god nok omsorg, bør du melde frå til barnevernet. Du trenger ikkje vera sikker på at noko er galt. Når du har sagt frå, er det barnevernet sin jobb å vurdere korleis meldinga skal følgast opp. Som privatperson kan du no melde din bekymring digitalt her.

Som offentleg tilsett

Offentlig tilsett og andre med profesjonsbestemt teieplikt har ikkje høve til å vera anonyme omkring bekymringsfulle forhold for barn som dei har kjennskap til gjennom sitt arbeid.

Alle offentlig tilsette og andre med profesjonsbestemt teieplikt, har plikt til å melde frå til barnevernet dersom dei er alvorleg bekymra for eit barn. Som offentleg tilsett eller yrkesutøvar med profesjonsbestemt teieplikt kan du melde din bekymring digitalt her.

Som anonym

Dersom du som privatperson ønsker å være anonym, kan du ikkje nytte Nasjonal portal for bekymringsmelding. Da kan du laste ned eit skjema og sende bekymringsmeldinga i posten utan å gje opp kven du er. Du kan også ringe til barneverntenesta, og velge å ikkje opplyse om namnet ditt.

 

Bekymringsmeldinga skal sendast til:

Felles barnevernteneste for Vang og Vestre Slidre

Slidrevegen 16

2966 SLIDRE

Telefon sentralbord: 613 45000

 

Kven kan kontakte barnevernet ved bekymring for eit barn

Alle som har ei bekymring for eit barn kan kontakte barnevernet. Det kan vera ein privatperson som til dømes ein nabo, venn, familiemedlem, eller det kan vera ein offentleg tilsett som til dømes ein lærar, helsesjukepleiar, tannlege osv.

Barn, ungdom eller føresette kan også sjølve ta kontakt med barneverntenesta og be om hjelp eller tiltak/tenester frå barneverntenesta.

Barneverntenesta ønskjer fortrinnsvis å få skriftlege bekymringsmeldingar, men ein kan også kontakte barneverntenesta ved å ringe eller ved oppmøte på barneverntenesta sitt kontor på kommunehuset i Slidre.