Slidre kulturbarnehage

Slidre kulturbarnehage er ein kommunal barnehage godkjent for 90 plassar fordelt på to bygg. Du finn oss i byggefeltet rett opp for skulen og kommunesenteret i bygda. 

Bygg A har tre avdelingar: Harestua (1-2 år), Revehiet (2-4 år) og Bamsebo (4-6 år). I bygg B finn du avdelingane Bikuba (1-2 år) og Maurtua (1-2 år). 

Vi har ei erfaren og stabil personalgruppe, som gjennom god omsorg og tett foreldresamarbeid har som mål å gje kvart enkelt barn ein god dag – kvar dag. Humor og glede står sentralt i arbeidet vårt.

Slidre barnehage - collage - Klikk for stort bileteSlidre barnehage

I Slidre kulturbarnehage jobbar vi ut i frå eit heilskapleg syn på barn. Dette betyr at det einskilde barns utvikling blir sett som eit dynamisk og gjensidig samspel mellom barnets føresetnader og det miljøet som dei er ein del av. Vi ynskjer å tilby alle barn eit trygt, variert og utfordrande læringsmiljø, uansett alder, kjønn, funksjonsnivå, sosial og kulturell bakgrunn. Alle barn skal få kjenne seg som ein likeverdig del av barnehagens fellesskap, og bli møtt og anerkjent som den dei er. Slik kan dei utvikle tryggheit på seg sjølv og på eigen identitet.
 

 

Satsingsområde

 

Velkommen til Slidre kulturbarnehage – vi ser fram til å bli kjent med dykk!
 

Nyttige lenkar:

Føresettportalen

Kontaktinfo

Slidre kulturbarnehage
E-post

Bygg A

 

Bygg B

 

Kristin Bråten Tvenge
Barnehagestyrar
E-post
Mobil 94 80 38 24
Karin Årnes Midthus
Assisterande barnehagestyrar
E-post
Telefon 90 26 44 33

Åpningstider

Måndag - fredag: kl. 07.15 - 16.45

Adresse

Slidre kulturbarnehage bygg A
Viovegen 14
2966 Slidre

Slidre kulturbarnehage bygg B
Viovegen 8
2966 Slidre