Når barnet begynner i barnehagen
Barnehagen skal i samarbeid med foreldra leggje til rette for at barnet kan få ein trygg og god start i barnehagen. Barnehagen skal tilpasse rutinar og organisere tid og rom slik at barnet får tid til å bli kjent, etablere relasjonar og knyte seg til personalet og til andre barn. Når barnet begynner i barnehagen, skal personalet sørgje for tett oppfølging den første tida slik at barnet kan oppleve tilhøyrsle og føle at det er trygt å leke, utforske og lære.
Kommunikasjon med barnehagen
Den skriftelege kommunikasjonen mellom barnehage og heim går hovudsakeleg gjennom ein app som heiter Visma Min Barnehage. Her kan du blant anna:
- Få og sende meldingar med barnehagen
- Registrere kva for dagar barnet ditt ikkje skal være i barnehagen
- Få dagbok som fortel om barnets små og store opplevingar i barnehagen, i form av tekst og bilde
- Få felles beskjeder med informasjon frå barnehagen
Les meir om og last ned app her