Kommunen delar ut ein del midlar til kulturformål kvart år.
Søknadsfristen er 1. april
Kommunestyret har i 2006 gitt desse retningslinene for kva kulturmidlane skal stø:
- Lag og organisasjonar innanfor eigen kommune
- Aktivitetar for barn og unge
- Integrerande, miljøskapande, rusfri og haldningsskapande verksemd
- Ungdom som vil vidareutvikle seg innafor eige område
- Utoverretta aktivitet til glede for bygda og fellesskapet
Det er i same sak presisert at ein i hovudsak ynskjer å støtte aktivitetar til barn og unge innan eigen kommune.