Slidremarknad 2024

laurdag 24. august 2024 11.00 - søndag 25. august 2024 02.00

Informasjon

Vi gjentek fjorårets suksess, og ynskjer med dette å invitere deg til Slidremarknad 2024!  

Slidremarknad vil bli arrangert i området rundt Slidretun, midt i Slidre sentrum. Vi ynskjer å hylle alle som driftar og driv i Vestre Slidre med unik oppleving som skil seg ut frå andre marknadar her i Valdres. Som difor ikkje skapar konkurranse, men eit nytteverdig og spennande tilskot til Vestre Slidre kommune og nærliggande kommunar rundt.

Slidremarknaden viser stort og smått frå Vestre Slidre i form av ulike sals-, utstillings- og bruktboder. 

Har du noko du kan tenkje deg å fremme, selje eller vise fram?

Meld dykk på! Vi har eit stort område, så berre sei i frå om de treng ekstra stor plass, parkering eller ynskjer å ha baklukesalg.

Send oss gjerne spørsmål dersom de lurer på noko, eller treng kreative innslag til korleis de kan vise dykkar fram.

De finn oss også på Facebook og Instagram @Slidremarknad der vi kjem til å oppdatere undervegs.

PÅMELDINGSFRIST FREDAD 16.AUGUST KL 23.59

Bli med å feire bygda vår og våre lokale bedrifter og leverandørar under Slidremarknadsfest!

Etter ynskje frå fleire i fjor arrangerer vi no også marknadsfest på kvelden, for å hylle og fremme dykk som driv og driftar i Vestre Slidre. Då stengjer vi av området under teltduken og byr opp til fest med musikk, dans, mat og drikke. Marknadsfesten finn stad laurdag 24. august frå kl. 19:00 til kl. 01:00 på Slidretun.

 

Vi feirar i lag med både Johmsvikingarna og Stubbad`n!

Sikre deg billetter no for ein hyggeleg kveld i godt lag.

Billetter til marknadsfest: https://slidremarknadsfest.hoopla.no/event/3633740336

 

Vi håpar at de tek turen innom både på dagen og kvelden i lag med både venner og kjende. Gjerne sprei bodskapet til alle du kjenner.

  

 

Vi er tilgjengelege på mail og mobil mellom 09.00-15.00.

Julia.Olsen.Johme@vestre-slidre.kommune.no

Mob. 95 88 05 42

Rigmor.Emerense.Haheim@vestre-slidre.kommune.no

Mob. 92 03 20 58

Pris vaksen: 100

Nettside

Stad

Slidre
 

Kontakt

Vestre Slidre kommune
 

Julia Olsen Johme
Legg til hendinga i din kalender